Trio Cees hyllest til Cornelis "Cees" Vreeswijk
Denne laurdagen er det Trio Cees som vitjar Lydia. Trio Cees er eit band som hyller Cornelis "Cees" Vreeswijk og hans fantastiske produksjon av viser, balladar, og "oförskämdheter".
Information

Den såre stemma, gitarspel, kvalitet og poetiske tekstar gjorde Cornelis til eit ikon i Skandinavia.
Frå debutalbumet i 1964 og fram til hans alt for tidlege død i 1987, komponerte han over 500 viser.
Hans musikalske arv lever vidare, snart 40 år etter hans død. Trio Cees vil framføra mange av hans mest kjende sangar.
Musikarane i bandet er: Håkon Widding (gitarar), Petter Tronstad (gitar og vokal), Harald Molven (bass) og Roald Haustveit (perkusjon)
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.