page view image

Petter, Piddi og Frodis på Thon Hotel Sandven

Lydia opnar haustsesongen med spennande møte med ein eksklusiv trio frå "Bergensbølgen". Dei har gjennom åra delteke i mange kjende band og prosjekt, seinast i bandet "Evig din for alltid" der også Frank Hammersland var medlem.

Information
event image

Petter, Piddi og Frodis har lange karrierer bak seg. Petter Folkedal er mannen bak Sergeant Petter og har gjeve ut 5 album under det namnet. Piddi Fjeldstad er mannen, myten og legenden bak Pompel & The Pilts og Syk Pike. Frode Unneland var også med i Pompel & The Pilts, men har også spelt med a-ha, Popium, Sondre Lerche og Ulf Lundell. Han er dessuten også fast medlem i Savoy og Frode Grytten Beatband. I bandet Evig Din For Alltid har dei gjeve ut 4 plater.

På konserten spelar dei nedstrippa versjonar av songar frå sine respektive katalogar, i tillegg til utvalde hits frå "Evig Din For Alltid". Tekstane er for det meste på norsk.

Det vert laus jakke og dei lovar god stemning. Det kan verta trongt om plassen, så det er best å sikra seg billettar tidleg.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.