Kniv og Taffel Swingjazzorkester
Kniv og Taffel Swingjazzorkester svingar innom Kulturnaustet på heimveg frå turne på Sør-Vestlandet. Bandet spelar Django Reinhart-inspirert stringswing, med eit livleg og utadvendt uttrykk.
Det tar tidvis ganske mykje av, men det er også rolege og smektande parti. Dessutan er det ein stor dose humor, noko som nok er ein av grunnane til at publikum kjem igjen og igjen for å høyra på dei. Her vert det virtuos stringswing på fiolin, to gitarer, kontrabass og fem vokaler.
Frå debuten på Det Akademiske Kvarter vinteren 2000 utvikla bandet seg til eit konsertband som har løfta taket på Nattjazz, Vossa Jazz, SwingnSweet Jazzklubb, Ole Blues og mange andre stader.
Musikarane er kjende frå mellom annet Real Ones (som har henta heim to spelemannsprisar), og fleire av dei har vunne høgthengande jazzprisar som Vossajazzprisen og Nattjazzprisen.
Bandet består av:
David Vogt - fiolin, vokal
Mads Berven - gitar, vokal (har gener frå Børve i Øystese)
Karl Wallevik - nylonstrengsgitar, vokal
Kristoffer Vogt - kontrabass, vokal
Kåre Opheim - trommer, vokal
Restriktioner
Kjøpte billettar vert ikkje refundert