Julejazz - Sandven Jazz Kompani med gjestevokalist Marita Moe Sandven
Sandven Jazz Kompani inviterer til ein svingande julekonsert på Thon Hotel Sandven som garantert får deg i førjulsstemning.
Information
Bandet leverer pulserande tradjazz med eit variert repertoar; kjende klassikarar og løynde perler, alltid med autentisk New Orleans-stil. Bandet kombinerer tradisjon med smittande humør, frisk energi og skaper ein musikalsk fest for publikum. I år er det Marita Moe Sandven som er gjesteartist.
Besetninga:
Geirmund Sandven – trombone
Jan Kåre Hystad – klarinett og saxofon
Helge Haukås – kornett og flygelhorn
Roald Gilje – tuba
Terje Neset – banjo og gitar
Rolf Seldal – trommer
Marita Moe Sandven - vokal
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refundert