page view image

Julajazz og 50-års-jubileum med Osøren Jazzensemble

Gjer deg klar for den mest svingande, hjartevarme og humørfylte laurdagen i advent!

Information
event image

Laurdag første helga i desember inviterer Lydia - tradisjonen tru! -Geirmund Sandven med band til julajazz på Hardanger fartøyvernsenter. Der Geirmund dei siste åra har hatt med seg Nes tradband og Sandven Jazzkompani, gjer han i år noko heilt spesielt: Han tek med seg Osøren Jazzensemble – eitt av hans aller første og mest kjære jazzband!

I år feirar dette ikoniske ensemblet heile 50-årsjubileum (1976–2026). Dei har i eit halvt hundreår vore ein vaskeekte pioner og institusjon på tradjazz i regionen. Musikarane er kjende for å spele med “hjarta utanpå skjorta” og spreia rein og skjær glad-energi. Denne kvelden serverer dei sin unike, tradisjonelle dixieland-stil – for anledninga sjølvsagt krydra med nokre av våre kjæraste juleperler!

Besetning:

  • Marita Moe Sandven – vokal 

  • Are Ovesen – trompet 

  • Geir Mildestveit – klarinett (med sidan starten i 1976!) 

  • Geirmund Sandven – trombone (med sidan starten i 1976!) 

  • Terje Neset – banjo og vokal 

  • Ole Amund Gjersvik – bass (med sidan 1979!) 

  • Stein Inge Brækhus – trommer (med sidan rundt 1980!)

Ta med deg vener, familie og gode naboar, og start julemånaden med ekte musikalsk futt, glede og julestemning!

Restriktioner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.