Jørgen Sandvik - Permanent Vacation
Jørgen Sandvik sitt band Permanent Vacation er eit fantastisk bluesband. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå mellom anna John Mayall og forbildet Peter Green.

Jørgen Sandvik mottok Spelemannsprisen for sitt fÿrste soloalbum som kom ut i mars 2018! Albumet med same tittel som bandnamnet, består av ei blanding av coverlåtar og sjølvskrive materiale, er banebrytande og tradisjonelt på same tid, med eit rått, nedstrippa uttrykk, sterke melodiar og pulserande, levande «feeling.
I tillegg til den viktige rolla i Real Ones har Sandvik sitt strengespel prega musikken til Sigrid Moldestad, Jan Eggum, delillos, Kaizers Orchestra, The Last Hurrah(!!), Stein Urheim og Gabriel Fliflet.
Med seg i bandet har han handplukka kremmusikarar:
Anders Bitustøyl – bass, Jan Petter Myklestad – perkusjon, munnspel og Nils Are Drønen - trommer
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refundert