Åsmund Nesse Duo
Åsmund Nesse er ein artist og låtskrivar frå Bømlo i Sunnhordland. Med det ferske albumet
“Indiemann” i bagasjen, det fjerde i slaget; - gler han seg til å koma inn til Norheimsund
for å spela ein intimkonsert. Med seg har han den røynde kontrabassisten Edvard Mjanger.
Ein konsert med Åsmund Nesse handlar om autentisk formidling. Den lyriske bogen hans spenner vidt frå mjuke og vare viser til dei fyrrigaste energiutblåsningar, trygt forankra i karakter og karisma. Tekstane dreg linjer frå den britiske folk-bølgja til vestnorske sprøytvaska svaberg.
Denne kvelden tek han deg med gjennom ei dønn ærleg og musikalsk reise, med både skjemt og alvor, heilt utan staffasje.
Eit utdrag frå omtale av “Indiemann" frå den franske musikkbloggen extravafrench.com/
“Indiemann er ikke et nostalgisk album. Det er et album om forankring. En påminnelse om at folk fortsatt kan være politisk uten å bli rigid, poetisk uten å bli uklar, engasjert uten å rope høyt. Åsmund Nesse leverer her et gjennomlevd, dypt menneskelig verk som går mot strømmen – og som nettopp derfor fortjener at man stanser opp ved det lenge."
Restriktioner
Kjøpte billettar vert ikkje refundert