page view image

May-Linn Clement og Steinar Karlsen - Kåseri og konsert

Utflytt kvemming møter innflytta eikefjording - humørfylte vendingar møter melodiske tonar

Information
event image

May Linn Clement (f. 1986) er oppvaksen i Norheimsund og bur i Austevoll, i barndomsheimen til mora. Ho er fast teiknar og skribent i Dag og Tid, der ho skriv om kvardagslege frustrasjonar og gleder, ofte frå og rundt heimen sin. Nyleg vart det også kjend at karikaturen som ho teikna av Jon Fosse før nobelprisutdelinga skal verta del av utstilling på Stortinget det neste året. Denne laurdagen gler me oss til å høyra kva ho kan fortelja oss av små og store historiar.

Gitaristen Steinar Karlsen er frå Eikefjord, men bur no i Vangdal. Han har sidan solodebuten Ulydium (2011) hausta mykje lovord for sine instrumentalplater. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar omtala plata Tur (2015) som "One of the best instrumental releases of the year". Steinar spelar også gitar i bluesbanda Good Time Charlie og Investigators. Den sjuande og siste soloplata hans Transitt kom ut like før jul. Magasinet Bluesnews lovprisar plata, gjev 5 av 6 stjerner og skriv mellom anna følgjande: "Karlsen lykkes i å trylle fram soundtracket til det som er norsk western, Vestlandet som er hans hjemland. Med riksveiene, fylkesveiene, europaveiene, fergeleiene og stedene. Melodiske stemninger der instrumentene høres ut som ordløs sang". Det vert stas å høyra han spela for oss.

Afstandsverklaring

Kjøpte billettar vert ikkje refundert