page view image

Bård Ose - Nowhere Men. Beatles-føredrag og konsert. Lydia

EVENEMENTGEGEVENS
event image

SESONGOPNING LYDIA 2023 - Laurdag 14. januar kl. 15.00

FØREDRAG - BÅRD OSE FORTEL OM BEATLES OG KVINNENE

Det viktigaste i historia om The Beatles er kvinnene, og då spesielt mødrene til John Lennon og Paul McCartney. Meir enn halvparten av dei vel 200 songane som gruppa ga ut var inspirert av kvinner – både tenåringskjærestar, koner og mødrer. Bård Ose, som nyleg ga ut boka «The Beatles – låt for låt», kjem til Lydia laurdag 14. januar for å fortelja om nokre av desse songane. Det vert ei annaleis reise gjennom karriera til The Beatles, fortalt med humor og entusiasme frå ein mann som har elska gruppa sidan 1964. Bård Ose si bok tel 560 sider og har 350 illustrasjonar. Boka har fått fleire seksarar frå kritikarane. Det vert høve til å kjøpa signerte bøker av forfattaren.

KONSERT - NOWHERE MEN

Nowhere Men er eit Beatles hyllest band som har halde på i 22 år og er eit fast innslag i Bergens musikkscene. Alle musikarane er fulltids freelance-musikarar med lang fartstid.

Nowhere Men har eit rått og energisk uttrykk som tar ein tilbake til The Beatles sine første år, men dei gjer også mange låtar frå den seinare katalogen. Med tette harmoniar og ein kjemi som det slår gnistar av, har gjort dette bandet til eit av vestlandet sine beste Beatlesband. Garantert til å ta deg tilbake til musikken sin gullalder!

Nowhere Men består av: Helge Nyheim ( trommer/vokal ), Arild Seim ( gitar ), Helge Haugland (bass/vokal/piano ) og Daniel Birkeland (gitar/kor)

Afstandsverklaring

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.