Katrine Helgheim Van Tulder og Stig Lundblad-Sandbakk

LYDIA inviterer til ei stemningsfull musikalsk oppleving med Katrine Helgheim Van Tulder og Stig Lundblad-Sandbakk i Skummesalen 25. januar.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 25 jan 2025 16:00

Slutter lørdag 25 jan 2025 18:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Ikkje medlem Lydia
Medlem Lydia
Born, ungdom t.o.m, vgs
event image

Arrangementsinformasjon

Duoen frå Kvam utforskar eit variert musikalsk landskap, med røter i alt frå visesong og folk til ei meir eksperimentell lydverd.

Harmoniar står i sentrum når Katrine og Stig inviterer publikum inn i eit lite univers av lyd og kjensler som kan røra sjølv den mest hardbarka harding. Duoen har spela saman sidan 2016,og deler både eigne og lånte låtar. Båe musikarane syng og trakterer ulike instrument, og du kan sjå fram til ein variert konsert i Skummesalen.

Stig er oppvaksen i den vesle bygda Barstadvik på Sunnmøre. Då han var ein neve stor, lærde han å spela gitar på faren sin akustiske Yamaha. Seinare starta han sin musikalske karriere som vokalist i progrock-bandet Woo i Ørsta. Som tjueåring flytta han til Bergen for å verta rockestjerne, og Woo gjorde det godt rundt om på nasjonale scener. Etterkvart byrja han å skriva eigne låtar og lanserte soloprosjektet A Boy Named Sue, som seinare utvikla seg til eit fullt band. I 2007 gav bandet ut plata Selling Road Maps For The Soul, som opna dører til store konsertscener, inkludert By:Larm. Stig si musikalske reise har sidan den gong strekt seg frå rock og prog til meir personlege og akustiske uttrykk. Han har sidan 2000-talet bidrege på scene og utgivelsar med artistar som Heidi Marie Vestrheim, Hei Kalas!, Skatebård, Enslaved, Tåke, De Musikalske Dvergene, Heavykatten, Sinking Sea m fleire i tillegg til opptredenar som solo-artist.

Katrine er oppvaksen i Øystese og har spela piano sidan ho var fire. Ho byrja skriva musikk i ungdomen, og har leika med ord og tonar sidan. Kanskje kjenner du henne frå Hordaland Folkeblad, der ho var journalist i ti år fram til 2014. Katrine har ikkje formell musikkutdanning eller platekatalog, men musikken har følgt henne heile livet.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert

Organizer
Lydia