page view image

Endre Olsen & Hestehandlarane hyllar Ivar Medaas. Lydia

Arrangementsinformasjon
event image

Lydia arrangerar konsert med Endre Olsen & Hestehandlarane laurdag 25. februar kl. 15.00 

Ivar Medaas var ein av dei mest folkekjære og jordnære artistane me har hatt, frå han slo igjennom med visa «Dar kjem dampen» på byrjinga av 60-talet, fram til han døydde 15 album seinare, i 2005. Endre Olsen & Hestehandlarane pustar nytt liv i Medaas sin store songskatt, med bluegrass-lenande besetning, og harmoniar og med meir fokus på den eineståande musikaren enn på revyartisten.

«Dette var, helt ærlig, noe av det beste jeg har sett på en norsk konsertscene. Jeg tar av meg hatten og bøyer meg i støvet, både for musikalitet, gjennomføring og evnen til å modellere dette materialet inn i en form som løfter både band og originalartist opp på et helt nytt nivå.» Rune Letrud, Musikkbloggen.no etter bandet sin første konsert, på Den Forvitnelege Countryfestivalen på Voss, september 2022.

Endre Olsen & Hestehandlarane er: Endre Olsen (song og gitar), Ragnhild Kambo Grov (song), Jørgen Sandvik (gitar og song), Roald Kaldestad (trommer og steel) og Anders Bitustøyl (kontrabass).

Endre & Ragnhild har sunge saman i ein halv mannsalder og hausta mangt eit lovord om dei siste dialektspråklege platene "Bøttevis med blått" og "Baklengs tebake". Endre vart i fjor tildelt Olav H. Hauge-stipendet for tekstane på desse platene. Jørgen Sandvik er elles aktiv i Real Ones, Sigrid Moldestad band og sitt eige bluesband Jørgen Sandvik's permanent vacation. Roald Kaldestad er også kjend frå Sigrid Moldestad sitt band, for ikkje å snakka om Storm weather shanty choir og Bare Egil Spellemannslag. I sistnemnde spelar også Gjermund Silset, når han ikkje spelar med det som kan krypa og gå av norske toppnamn frå Odd Nordstoga til Kari Bremnes.


Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.