page view image

Elin Furubotn

Elin Furubotn er ein av landets finaste låtskrivarar innan visepop(jazz/folkmusikk i singer/songwriter-tradisjonen.

Informasjon
event image

Elin Furubotn er ein norsk songar, tekstforfattar, komponist og gitarist. Ho platedebuterte i 1999 og har sidan gjeve ut ni album. Mest kjent er ho kanskje for låten "Så lett det kan ver», som ho gjorde saman med Morten Abel og Stavanger Symfoniorkester på albumet “Å nærme seg det nære” (2014).

Fleire av Elin sine låtar, som I Det Stille og Slepp Tvilen Fri og På Bursdagen Din, har hatt høg rotasjon på NRK P1. I 2013 vann ho ein Indie Award i USA (Colerado) for beste album i kategorien pop med Heilt Nye Vei. Etter at ho ga ut det internasjonale albumet, turnerte ho i Tyskland og fekk varm mottaking og strålande kritikkar for sine songar på norsk.

Elin vart født i Tydal og budde seinare mange år i Stavanger. No held ho til i Oslo. Mykje av barndommen tilbrakte ho på Tonstad, ei bygd i Sirdal på Sør-Vestlandet. Det er her, i ei gammal, raud skrivestove på ein liten husmannsplass, ho framleis trekk seg attende og skapar musikken sin.

Musikken hennar er ei samansmelting av viser, pop, rock, folketonar og jazz. Tekstane beskriv kvardagslege situasjonar med humor, alvor og ettertakksemd. Elin sine underfundige betraktningar er lette å kjenne seg igjen i. Elin ønskjer å formidla håp. Fortelja at skrammer er fint. At bekymrinar ikkje har hjelpt nokon, og at det er sunt å leika meir. Hennar særprega stemme formidlar stemningane godt og skapar ein umiddelbar nærleik til lyttaren. Dessutan har ho ein eigen evne til å laga iøyrefallande melodiar som er lette å få på hjernen.

Elin Furubotn har gjev ut 9 plater. Det siste, "Resirkulerte rim og regler" kom i 2022.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.