Annlaug Børsheim og Pedro Carmona-Alvarez - ein musikalsk roadtrip
Annlaug og Pedro har i over ti år spelt og reist saman som frontfigurar i Frode Grytten Band. Dei har også medverka på kvarandre sine plater, vore med i kvarandre sine live-band og hengt saman i studio.
Annlaug Børsheim (1982) er musiker og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger, busett i Bergen. Instrumenta hennar er hardingfele og fele, ulike gitarar og song. Med bakgrunn i norsk folkemusikk arbeider ho i dag innanfor eit breitt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk.
Pedro er fødd i La Serena i Chile. Som tiåring flykta han med familien frå Chile til Argentina og seinare til Noreg. Han er prislønt chilensk-norsk forfattar, musikar og gjendiktar som gjennom eit musikalsk og intenst lyrisk språk gjev ei stemme til dei undertrykte i samfunnet.
No svingar dei innom Hardanger og Norheimsund for ein ettermiddag der forteljinga om eit venskap og kjærleiken til musikken står i sentrum. Og i baksetet sit Einar Sogstad som er med på tangentar og trekkspel.
Foto Elisabeth Emmerhoff
Restriksjoner
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.