page view image

Symre - Konsert og plateslepp for "Elles ganske frisk"

Lydia er glad for å vitjing av Symre når ho er på ein liten vestlandsturne i samband med at ho gjev ut plate.

Information
event image

Symre Taugbøl Bang er ein 22 år gamal låtskrivar og gitarist frå Morgedal i Vest-Telemark, som fleire enn tre gonger har fått skildringa finurleg. Albumet «Elles ganske frisk» tek for seg det kaotiske møtet med vaksenlivet, og svingar mellom naiv narsissisme, nervøs nattesvevn, tunge våpen og lett ullundertøy. Musikken er ein uredd miks av sjangrar, og med hjelp frå dyktige medmusikantar vil konserten romme både dansbart, jazzsmart, litt rart og vise, – så klart.

Symre er ein god låtskrivar med tekstar på nynorsk og vakker telemarksdialekt. Tidlegare i år mottok ho Målprisen til Telemark Mållag.

Symre spelar sjølv gitar og syng. Med seg har har ho Torjus Gravir Klykken (bass), Jon Espelid (trommer) og Øystein Folkedal (orgel).

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.