page view image

Tom Roger Aadland

EVENT INFORMATION
event image

Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane i landet. Rockepoeten sitt siste album «Motgift» (2021) har hausta strålande kritikkar.
«Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skrev Aftenposten. Vårt Land kalla albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet», Stavanger Aftenblad, «en reseptfri kur mot det vonde».

I 2021 var han også aktuell som tekstforfattar både på Hellbillies sitt siste album «Blå dag» og Vamps «Tiå det tar». Dylan-gjendiktingane hans gjorde stor suksess i Det Norske Teateret sin førestilling Vikla inn i blått, med Bjørn Sundquist og Heidi Gjermundsteen Broch på rollelista. Aadland er også kjent som skrivepartnar for mellom anna Marion Ravn. Ei rekke av låtane hans har vorte radiofavorittar; songar som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Alle dei i ei» er nok kjent for de fleste.

Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger vart vigsla, var Dylan sunge av Aadland hennar musikalske ønskje og H.M. Kongen var mellom tilhøyrarane. Han var også mellom dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjend som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidla innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levera varene på scenen.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert