Search for events
August Selnes er ein musikar å sjå opp for. Han tar opp arven etter den forrige store visebølga i landet samstundes som han set sitt eige preg på sjangeren. “Jeg kan ærlig talt ikke tenke meg en bedre representant for erkebergensk visetradisjon enn Selnes” uttalte Bergens Tidenes Petter Lønningen om 25-åringen frå Bergen.
Annlaug Børsheim (1982) er musiker og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger, busett i Bergen. Med bakgrunn i norsk folkemusikk arbeider ho i dag innanfor eit breitt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk.
Folkrocklegendane Real Ones gav hausten 2025 ut sitt 14. album (!) etterfølgt av ein Noregsturné med 20 konsertar. I 2026 held turneen fram til nye plassar rundt i landet og 16. januar 2027 er Lydia veldig glad for å ta i mot dei på Kulturnaustet i Norheimsund.
