page view image

Anne Fagermo og Endre Olsen i Norheimsund. Lydia

Information
event image

Lydia arrangerar konsert med Anne Fagermo og Endre Olsen laurdag 30. september kl. 14.00. 

Dei har allereie seld ut 2 konsertar fredag kveld og ein konsert laurdag kveld på Stord same helga. Me er så heldige at dei har funne tid til ein konsert hjå oss mellom desse. Du kjenner dei kanskje best som deltakarar i TV-programmet «The Voice» vinteren og våren 2023. Anne Fagermo og Endre Olsen; ho med ein frisk og unik vri på pop/rock-sjangeren med country-inspirert lydbilde, han stødig i viserocken sin verden. 

Anne Fagermo har på kort tid utmerka seg som ein talentfull songar og låtskrivar. Med si særeigne stemma og unike musikalske stil, har ho dei siste åra stått på både store og små scener, og gjeve ut fleire singlar. Anne Fagermo har røter i pop/rock-sjangeren, men låtane hennar har også ein country-inspirert sound som gjev ein frisk og unik vri. Ho gav ut sin første singel hausten 2019, og har sidan gjeve ut fleire singlar og ein live- EP’en kalla Stone Church Sessions saman med strykarar frå Oslofilharmonien. Låtane Anne har gjeve ut har blitt A-lista av NRK Telemark, Radio Signal og Radio Grenland. 

Med sin dialektforankra viserock på platene «Bøttevis med blått» og «Baklengs tebake" har stordabuen Endre Olsen hausta høge terningkast i pressa på begge sider av fjellet, samt mottek det gjeve Olav H. Hauge-stipendet, for unge norske lyrikarar. I år er han aktuell med ny plate, samstundes som han turnerer vestlandet med hyllestkonserten Endre Olsen & Hestehandlarane hyllar Ivar Medaas. 

Anne og Endre byrja å opptre saman våren 2023 etter at dei begge var deltakarar i TV-programmet «The Voice». No møtes dei i skjønn foreining både i kvarandre sine songar og i coverlåtar." Med seg på scenen har dei også Jan Birger Akerhaugen (frå bandet Ni Liv), Roald Kaldestad og Ragnhild Kambo Grov.

Foto: Håvard Solem, TV2

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.