page view image

Tom Roger Aadland på Thon Hotel Sandven

Tom Roger Aadland feirar 20 år som artist med ein landsomfattande turne denne hausten og 9. november vitjar han Lydia og Norheimsund

Information
event image

Tom Roger Aadland har gjeve ut 11 plater og på programmet på denne konserten står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk og eit utval songar han har skrive saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Vamp, Kjartan Fløgstad med fleire). 

Som låtskrivar har Tom Roger Aadland evna til å skrive tekstar som grip, kopla med sterke melodiar. En rekke av songane hans har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Tom Roger er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ei musikalsk feststund denne laurdagen også.

Det siste albumet "Lysvandring" vart gjeve ut 13. september og har hausta strålande kritikkar i mange aviser og medier. Platainnheld nye nye låtar som han har spelt inn åleine med gitaren. Søk gjerne på nettsida hans tomrogeraadland.com for fleire omtalar. 

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.