Julajazz og 50-års-jubileum med Osøren Jazzensemble
Gjer deg klar for den mest svingande, hjartevarme og humørfylte laurdagen i advent!
Laurdag første helga i desember inviterer Lydia - tradisjonen tru! -Geirmund Sandven med band til julajazz på Hardanger fartøyvernsenter. Der Geirmund dei siste åra har hatt med seg Nes tradband og Sandven Jazzkompani, gjer han i år noko heilt spesielt: Han tek med seg Osøren Jazzensemble – eitt av hans aller første og mest kjære jazzband!
I år feirar dette ikoniske ensemblet heile 50-årsjubileum (1976–2026). Dei har i eit halvt hundreår vore ein vaskeekte pioner og institusjon på tradjazz i regionen. Musikarane er kjende for å spele med “hjarta utanpå skjorta” og spreia rein og skjær glad-energi. Denne kvelden serverer dei sin unike, tradisjonelle dixieland-stil – for anledninga sjølvsagt krydra med nokre av våre kjæraste juleperler!
Besetning:
Marita Moe Sandven – vokal
Are Ovesen – trompet
Geir Mildestveit – klarinett (med sidan starten i 1976!)
Geirmund Sandven – trombone (med sidan starten i 1976!)
Terje Neset – banjo og vokal
Ole Amund Gjersvik – bass (med sidan 1979!)
Stein Inge Brækhus – trommer (med sidan rundt 1980!)
Ta med deg vener, familie og gode naboar, og start julemånaden med ekte musikalsk futt, glede og julestemning!
Restrictions
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.